Forsamlingsmøte søn 3 oktober 2021

Kjell Furnes var talaren vår I dag vart det «ein liten bibeltime» (iflg Kjell Furnes sjølv) om eit viktig og interessant tema. I GT var der tre stillingar eller embete som vart innsette ved salving: kongen: Kristus vart salva til Konge, han vart innsett, han vart forkasta, men […]

Forsamlingsmøte søndag 19. september 2021

Per Arne Sve besøkte oss denne gongen TEMA: Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld Han tok utgangspunkt i siste del av bergpreika, Matt. 5, v 10-12: Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld, himmelriket er deira, løna i himmelen er stor sjølv om folk for […]

Sesongstart med Kåre Magne Remmen

Søndag 5.september var bedehusforsamlinga i gong att, og møteleiar Anita ønskte dei 40 frammøtte vel tilbake etter ferien: «De skal få kraft idet den Heilage Ande kjem over dykk». Godt å ta med seg når arbeidet ligg framføre: Til endane av jorda skal vi vere vitne om Jesus. […]

Sommaravslutning til inspirasjon!

Regionleiar i NLM, Jon Ove Holen, gav oss fornyande ord frå Jesu bergpreike. Inn i sommarferien passa det veldig godt å ta med denne utfordringa: Kven sitt hus er bygt på fjell, og blir ståande både i storm og flaum? Jau, det er den som høyrer Jesus sine […]

Forsamlingsmøte 6.juni

I overkant av 30 – pluss ein god søndagsskulegjeng – var på forsamlingsmøte 6.juni. Møteleiar Anita delte gode ord frå Salme 91 og dikt av Haldis Reigstad og ynskte Helge Dimmen særleg velkomen. Dimmen, styreleiar i ImF Sunnmøre, peika på kor godt og viktig det er å kjenne […]

Forsamlingsmøte søndag 23. mai 2021 (1. pinsedag)

Steinar Dimmen var talaren vår Dagens tekst: Joh 14,15-26 I pinsehøgtida får vi feire at Gud sende Den heilage ande til jord, det er ein takkefest og ein innhaustingsfest. I Ap gj 2 høyrer vi om eit under, Den heilage ande kom over den kristne forsamlinga der mange […]

Forsamlingsmøte søndag 9. mai 2021

Svein Folde besøkte oss i dag med sentral bodskap Vi får tru at Han som skapte mennesket og bles sin livspust inn i mennesket og gav det livsande – Han er mektig til å gi også deg og meg eit livspust i dag, slik at vi blir glad […]

Forsamlingsmøte søndag 21 april 2021

Ole Audun Os besøkte oss i dag med tale og fin song Ole tok utgangspunkt i ei av dei få likningane i Johannesevangeliet, dette evangeliet som kanskje meir enn dei andre tre evangelia peikar framover mot korset og Jesu verk der. Likninga om den gode hyrdingen, han som […]

Forsamlingsmøte søn 21 mars 2021

Olaug Bjørke, regionleiar for Åpne Dører Møre og Romsdal besøkte oss i dag. Ho gav oss  gripande forteljingar og forkynning frå Åpne Dører sitt arbeid for kristne som blir forfølgde. Åpne dører kallar kristne til å identifisere seg med forfølgde søsken, til aktivt å støtte og be for […]

Forsamlingsmøte 7. mars 2021

😊🙏 Endeleg forsamlingsmøte – etter fire månader 🙏😊 Inger Valbø (utsending for NLM i Japan) var vår talar i dag med temaet Eg trur, hjelp mi vantru Ho tok utgangspunkt i dagens tekst i Markus kap 9. Først om faren som kom fortvilt til Jesus med sonen sin […]