Møteserie med Marit og Jarle

I veke 39 hadde vi saman med Hundeidvik og Sykkylven IM ei «god, gammaldags» møteveke! Det vil seie: Møter kveld etter kveld i tillegg til at talarane deltok på forsamlingsmøtet søndag formiddag, 2.oktober. Eit frammøte jamnt godt over 40, må vi seie er ganske godt.

Det som er sikkert, er at talarane Marit og Jarle Berland, gav oss mykje. Marit hadde i si forkynning eit fokus på at «Jesus-elden» i oss må brenne, og at vi treng å leve rikt ved Guds kjelde. Ho gav også mykje gjennom utvalde songar, som ho framførte saman med Anne Lise. «Støtter hverandre» vart ein fin gjengangar.

Jarle talte særleg om å «vere i Kristus». Mange hadde nok ein «a-ha-opplevelse» då han samanlikna det å vere i Kristus, med å vere om bord i eit fly. Vi veit at synda og døden si lov berre fører oss nedover. Men eit fly har nettopp eigenskapen til å overvinne tyngdekreftene. Den frelse Jesus har vunne for oss, gjer oss fri til evig liv, når vi er «om bord i han».

Eit gode ved desse møta, er dei mange ønskje om forbøn og mange opprekte hender med ønskje om kraft og fornying. Bønefellesskap var det også ein halvtime før kvart møte, noko som skapte samhald og varme. Samver rundt kveldsmat skapte også både trivsel og kontakt. Takk til Anne Lise som ikkje minst ordna med brennsnut til nesten 50 på søndag!

Etter avslutningsmøtet søndag, kom det spontant forslag om å prøve noko liknande med Marit og Jarle neste år. Kanskje har ein slik samanhengande møteserie noko for seg, som forsamlingsmøta vanskeleg kan oppfylle?  Eller kva tenkjer du?

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Please Wait