1. påskedag 2019 – Kjell Furnes

Kjell Furnes forkynte klart og overbevisande om betydninga av Jesu oppstandelse. Han tok utgangspunkt i 1. Kor 15 – der Paulus forkynner det han sjølv har mottatt: at Kristus døde for syndene våre, vart gravlagd og stod opp att tredje dagen – etter skriftene. Dette tydde også at […]

«Eg vil fylgje deg, Herre, men…»

Erik Furnes besøkte oss i dag – 7. april 2019. Furnes tok utgangspunkt i Luk 9,57-62 – ein radikal tekst om å følgje etter Jesus og vere Kristus-lojal. Kan lett tenkje at Jesus er ufølsom i denne teksten, men det blir stilt krav om full lojalitet når vi […]

Herre, gje meg dine auge!

Krinsleiar i ImF Sunnmøre, Johan Halsne, gav oss eit nærbilete av det å vere ein Jesu disippel i dag: Det er å begynne å sjå det Jesus ser! Halsne delte teksten om vekkinga i Samaria (Johannes 4,27-36) Læresveinane hadde gått inn til byen Sykar for å kjøpe mat. […]

Lat viljen din skje!

Helga 8.-10.mars var det Bibelhelg med fokus på bøn. I tre bibeltimar fredag og laurdag pluss forsamlingsmøte søndag fekk vi vandre gjennom bønene i Fadervår: Tenk at ei så kort bøn kan ha i seg slik ein fylde av visdom! Lars Kjetil Emblem gav oss mykje til nytte […]

Jarle Berland på forsamlingsmøtet 24 feb 2019 – ver ein Jesu læresvein

Jarle Berland besøkte oss i dag med klar og sentral forkynning om korleis vere ein Jesu læresvein (disippel)I botn for vitnemålet sitt la Berland tre bibelavsnitt som handlar om då Jesus kalla læresveinar til å følgje han: Joh 1,43, Matt 4,18 og Mark 2,13. Dette er ord om […]

Forsamlingsmøte 10. februar

Ein disippel i 2019 – Silje Berg Straume, områdeleiar NLM Silje Berg Straume tok utg pkt i Luk 5,1-11 om Peter som vart så forferda over den overveldande fiskefangsten. Jesus ba han om å ikkje vere redd, men vere menneskefiskar frå då av. Dei forlet alt og følgde […]

Forsamlingsmøte 27 jan 2019

Arild Ove Halås – klart og lærerikt Tema hos oss for vårhalvåret er: Å vere ein Jesus disippel i dag Halås tok utgangspunkt i historia om Nehemja. Han var munnskjenk hos persarkongen Artaxerxes under fangenskapet i Babylon 600 år f.Kr. Han hadde stort ansvar i ein av dei […]

Forsamlingsmøte Sykkylven bedehus 16 desember

I dag var vi så heldige å få Odd Asbjørn Nybø som talar. Han er leiar i Indremisjonsforbundet. Nybø stilte eit viktig spørsmål i starten: Er du lett antenneleg eller brannsikker? Altså: kan eg bli sett i brann av Jesus? Han tok utgangspunkt i dagens tekst frå Joh. […]

Forsamlingsmøte i Hundeidvik 2.desember

Jon Ove Holen hadde ein god og viktig tale til oss med utgangspunkt i dagens tekst, Matt 21, 10-17. Teksten handlar om då Jesus jaga ut dei som selde og kjøpte på tempelplassen (forgården til heidningane – dvs ikkje-jødar). Jesus velta borda til dei som veksla pengar og […]