Forsamlingsmøte 8. mai 2022

Jon Ove Holen var talaren vår Holen talte ut frå 5. Mos. 30,11-15 – «Ordet er deg ganske nær» Det er gått 40 år, det er på ein måte Moses sin siste vilje, eit testamente, til sine. Det er ein ny generasjon som skal innta Kanaans land, det […]

Forsamlingsmøte søndag 3 april 2022

Steinar Dimmen besøkte oss i dag Dimmen tok utgangspunkt i dagens tekst om Brødet frå himmelen. Han las store delar av Joh 6 – om Brødet frå himmelen og om Jesus som Livets brød. Dimmen viste til brødunderet der Jesus i omsorg og kjærleik metta fem tusen. Han […]

Forsamlingsmøte 20 feb 2022

Vi fekk besøk av Solfrid Ulstein Riise Solfrid tok utgangspunkt i tekstar frå Kristi Openberringsdag. I 2. Mos 34,27-35 høyrer vi om Moses på fjellet då han fekk steintavlene og vart møtt av Guds lys så ansiktet hans stråla. Han var 40 dagar og 40 netter på fjellet […]

Forsamlingsmøte søndag 12. des 2021

Lars Kjetil Emblem besøkte oss i dag med tale og song Emblem tok utgangspunkt i dagens tekst for kyrkjeåret: Joh. 5,31-36 – Vitne om Jesus. Kven er Jesus? Det var og er i dag også mange meiningar om det. Jesus står mellom oss også i dag. Vitne er […]

Forsamlingsmøte med Oscar Nordbø søndg 14 nov 2021

Genesaretsjøen, båt, vindar og uroleg sjø. I dag fekk vi høyre om læresveinane sitt møte med Jesus då han kom gåande til dei i forrykande ver – på Genesaretsjøen. Nordbø fortalde litt om sitt eige kav med å redde i land sin eigen båt då uveret ein gong […]

Forsamlingsmøte for heile familien

Søndag 17. oktober 2021 Med barne- og ungdomsarbeidar Marte Elvira Rolvsjord frå Misjonssambandet, Region Nordvest I dag var det eit fint familiemøte med omlag 50 store og små som møtte. Søndagsskulebarna fekk i dag delta på heile møtet og det trur vi alle sette pris på. Dei song […]

Forsamlingsmøte søn 3 oktober 2021

Kjell Furnes var talaren vår I dag vart det «ein liten bibeltime» (iflg Kjell Furnes sjølv) om eit viktig og interessant tema. I GT var der tre stillingar eller embete som vart innsette ved salving: kongen: Kristus vart salva til Konge, han vart innsett, han vart forkasta, men […]

Forsamlingsmøte søndag 19. september 2021

Per Arne Sve besøkte oss denne gongen TEMA: Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld Han tok utgangspunkt i siste del av bergpreika, Matt. 5, v 10-12: Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld, himmelriket er deira, løna i himmelen er stor sjølv om folk for […]

Forsamlingsmøte søndag 23. mai 2021 (1. pinsedag)

Steinar Dimmen var talaren vår Dagens tekst: Joh 14,15-26 I pinsehøgtida får vi feire at Gud sende Den heilage ande til jord, det er ein takkefest og ein innhaustingsfest. I Ap gj 2 høyrer vi om eit under, Den heilage ande kom over den kristne forsamlinga der mange […]

Forsamlingsmøte søndag 9. mai 2021

Svein Folde besøkte oss i dag med sentral bodskap Vi får tru at Han som skapte mennesket og bles sin livspust inn i mennesket og gav det livsande – Han er mektig til å gi også deg og meg eit livspust i dag, slik at vi blir glad […]