Sakliste

Styreleiar ønskjer vel møtt og opnar årsmøtet. Registrering av frammøtte.

Val av møteleiar

Val av referent

Val av ein til å skrive under protokollen saman med møteleiar

Godkjenning av innkalling og sakliste

Godkjenning av ÅRSMELDING

Godkjenning av REKNESKAP

Val av to styremedlemer:  Desse er på val i år: Arnhild Almås og Oddbjørn Brunstad. Begge har ønskje om avløysing. Kari Stavseth Myklebust er villig til å stille i styret for eitt år.

Val av styreleiar: Oddbjørn Brunstad har vore styreleiar sidan mars 2013

Val av tre varamedlemer: Desse er spurde og kan stille: 1)Karina Bjørk-Bergene og 2)Runa Welle. 

Val av revisor:  Det blir innstilt på attval av Johan P. Aurdal

Val av valnemnd:  Denne består av Anita Woldsund Knut Kjersheim. Knut er ny, og Anita har vore i valnemnda i nokre år. Begge kan ta eit år til i valnemnda

Samtale om arbeidet: Forslag og idear som kjem fram vil bli sendt over til det nye styret.

Alle interesserte er velkomne som tilhøyrarar. Skrivne medlemer har forslags- og røysterett.

Helsing styret i Sykkylven Bedehusforsamling; Oddbjørn Brunstad (leiar), Reidun Kjerstad Eidem (nestleiar), Sigmund Valbø, Ingebjørg Kjersheim, Arnhild Almås

ÅRSMELDING FOR 2022: SYKKYLVEN BEDEHUSFORSAMLING Last ned som PDF !

Sykkylven Bedehusforsamling vart stifta den 6.juni 2010, og har etter §2 i lovene som formål å fremje Guds Rike og halde oppe eit livskraftig misjonsarbeid, vidare å bidra inn mot Sunnmøre Indremisjon, ImF, og å arbeide for ytremisjon. I 2015 gjekk forsamlinga inn i eit formelt samarbeid med NLM-foreininga i Sykkylven.

Visjonen som samlar oss: Med Jesus, ekte livsglede til alle, er både oppfylt og ikkje oppfylt. Vi erfarer gleda i Jesus kvar gong vi er samla i hans namn. «Ungdommens lykke er samfunn med Gud, – livet med Gud, – himlen til sist». Kvar av oss møter nesten dagleg ulike menneske som vi kan glede. Så er vi sende-forsamling for familien Barlaup i Japan og familien Myklebust i Kenya. Målet «til alle» kan vi vere med å nå i same grad som Jesus får prege og smitte oss.

Sykkylven Bedehusforsamling er innmeldt i ImF og på same tid nært tilknytta Misjonssambandet gjennom samarbeidsavtalen med Sykkylven Misjonssamband.

ÅRSMØTET vart halde søndag 20.mars 2022 i etterkant av forsamlingsmøtet. 19 personar deltok, herav 13 medlemer. Reidun K. Eidem, Sigmund Valbø og Ingebjørg Kjersheim var på val, og dei vart alle attvalde for 2 nye år. Oddbjørn Brunstad vart også attvald som styreleiar. Som varamedlemer vart valde (1) Kari Stavseth Myklebust og (2) Runa Welle.

Styret har då sett slik ut, både før og etter årsmøtet:

  • Oddbjørn Brunstad (leiar)
  • Reidun K. Eidem (nestleiar)
  • Sigmund Valbø (økonomi)
  • Arnhild Almås (skrivar i styret)
  • Ingebjørg Kjersheim

Det har vore halde 6 styremøte og 13 forsamlingsmøte pluss ei god medarbeidarsamling 2. og 3.sept. i Hundeidvik. Talarane har kome frå Misjonssambandet og ImF Sunnmøre. I tillegg har vi hatt besøk av Israelsmisjonen (Halvard Roaldsnes) og Åpne Dører (Helge Åkernes) Hyrderådet har ikkje møttest før på nyåret 2023.

Hyrderåd er: Oddbjørn Brunstad, Sigmund Valbø og Johan P. Aurdal

Valnemnd: Anita Woldsund. Ola Risa gjekk ut, og Knut Kjersheim er ny

Søndagsskulen er i god drift, og komiterommet oppe rømer nok ikkje stort fleire.  Borna brukar den bakre salen til aktivitetar. Takka vere Karina Bjørk Bergene med familie og vener, ser vi no også nye ansikt på forsamlingsmøta, særleg frå innvandrarmiljøa. Vi må verte gode til å ta kontakt med dei, og alt dette er strålande bønesvar! Så må vi frimodig halde fram og be om visjonære leiarar og musikalske ressursar også.

Medlemslista syner ein liten tilbakegong, idet Ola og Jorunn Risa har flytta til Rogaland, og Øygunn Tandstad døydde i desember. Medlemstalet enda såleis på 20.

Frammøtet, som i årevis heldt seg mellom 32 og 36, har i 2022 fått ein gjennomsnitt på 41. Høgdepunktet var nok festdagen den 19.juni med utsending av familien Myklebust til Kenya. Her nådde talet på frammøtte heile 85. Om vi ser bort frå denne søndagen, vart gjennomsnittleg frammøte 38 stk. Tilveksten kjem mest av søndagsskulen, medan det har tynnast noko hos dei godt vaksne. Vi ser eit behov for  fleire i aktiv teneste, i praktiske og åndelege oppgåver, og som aktuelle for styret.

NYTT i 2022 var MØTEVEKA som vi hadde 28.september til 2.oktober med Marit Stokke Berland og Jarle Berland. Veka var eit fellestiltak mellom Sykkylven og Hundeidvik, ImF og Misjonssambandet. Vi opplevde stor oppslutning om bønemøte før møta og god respons på invitasjon til forbøn i slutten av møta. Talarane utfylte kvarandre godt med tema om både «brann» og «livs-kjelde». Marit fekk også gitt mykje gjennom songen sin, og mange gav uttrykk for ein hunger etter meir. Det blir difor arbeidd for å få til noko liknande hausten 2023.

TEMAET for forkynninga har i forsamlingsmøta vore knytta til søndagens tekst. Men det har også vore innslag av andre tekstar og tema. Predikantane har kome frå Misjonssambandet Nordvest, ImF Sunnmøre, Israelsmisjonen og Åpne Dører. Sjå rekneskapsoppsettet på neste side, korleis midlane har gått vidare til desse. Kollekten til Israelsmisjonen gjekk utanom vårt rekneskap.

TENESTEGRUPPER: Det er ei velsigning å ha såpass mange som bidreg inn i forsamlinga, og vi er takksame for det gode fellesskapet. Men vi har ei utfordring med å nå fleire med evangeliet. Vi må be om både evangelisten og diakonen sine nådegåver imellom oss, og vi må alle søkje å leve «Ordet nær, mennesket nært».  

Tenestegruppene er stort sett som før, og ser slik ut:

ØKONOMI OG REKNESKAP.

Sykkylven, 10.mars 2023; styret i Sykkylven Bedehusforsamling:

Oddbjørn Brunstad (leiar), Reidun K. Eidem (nestleiar) Sigmund Valbø, Arnhild Almås og Ingebjørg Kjersheim

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Please Wait