Ei god bønevandring

Bedehusforsamlinga starta det nye året med bønevandring. Det kjennest så godt og rett å legge framtida i Guds hender. Søndag 11.januar var ein god flokk samla for å be om Guds velsigning over det nye året. Vi har så mykje å takke for, og likevel så uendeleg mykje […]

Gledeleg jul til alle!

Få med deg julefesten, og inviter fleire til bedehuset måndag 5.juledag 29.des. kl. 18:00!  

Besøk frå Valderøya

Anbjørn Walderhaug formidla evangeliet gjennom fin song og bibel-vitnemål.   Under forsamlingsmøtet søndag 23.november fekk vi presentert Guds ord på ein varm og truverdig måte.  Anbjørn Walderhaug gjekk eit streif gjennom sentrale bibelavsnitt knytta til temaet «levande tru». Ikkje minst fekk han synt fram at vår berging ligg […]

Bibelhelg til stor inspirasjon

Bibelhelga 14.-16. november vart til kveik og fornying for bedehusforsamlinga. Radiopastor Johnn Hardang leverte fire glitrande bibelvandringar gjennom temaet: Guds Menighet er jordens største under. Tittelen er lånt frå Ronald Fangens kjende salmetekst, som vart den raude tråden gjennom helga. Med eit gjennomsnittleg frammøte på om lag 50, […]

Spennande bibeltimeserie

Komande helg får Sykkylven besøk av radiopastor og leiar av Kristen  Riksradio / P7, Johnn R. Hardang. Temaet blir: Guds menighet er jordens største under ·         Fredag 14.nov: 19:00: Guds menighet: Det tredje folket ·         Laurdag 15.nov: 17:00 og 18:30  Tema: Guds menighet: Motstrømsfolket. Kveldsmat mellom timane. ·         […]

Forsamlingsmøte søndag 9.november

Steinar Dimmen frå Ulsteinvik hadde bibeltimar fredag 7.november og hadde talen under forsamlingsmøtet søndag. Teksten som vi ser på skjermen her, la han ut som ei varm oppfordring om å gå til Jesus med alle sjukdomar og vanskar. Han er den same i dag, Sjukdomane våre har han […]

Godt forsamlingsmøte i Hundeidvik

Vel 30 fann vegen til Hundeidvik bedehus den regnfulle siste søndagen i oktober. Gunnhild Sandvik Enstad leia samlinga, Johan Aurdal leia forbøna og Oddbjørn Brunstad nattverden. Stine Regina Tusvik delte fire ulike a capella songar med si reine og vakre stemme. Ei hovedsak var likevel talen til student […]

Sjå innom dei siste samlingane!

I Sykkylven sentrum like ved kommunehuset Vi er ei kristen forsamling for heile kommunen og har bakgrunn frå bedehus- og misjonsmiljøet i Sykkylven.