Forsamlingsmøte søndag 3 april 2022

Steinar Dimmen besøkte oss i dag Dimmen tok utgangspunkt i dagens tekst om Brødet frå himmelen. Han las store delar av Joh 6 – om Brødet frå himmelen og om Jesus som Livets brød. Dimmen viste til brødunderet der Jesus i omsorg og kjærleik metta fem tusen. Han […]

Forsamlingsmøte med besøk av Odd Asbjørn Nybø

Bibelteksten denne søndagen var Lukas 22, 28-34.  I denne avskils-talen, mellom nattverden og Jesu kamp i Getsemane, var Simon Peter igjen sentral.  Odd Asbjørn Nybø peika på kor frimodig Peter hadde lova å stå med Jesus. Men Jesus såg det på førehand, og åtvara han. Ja, endå meir: […]

INNKALLING TIL ÅRSMØTE

15.mars, 2022 Kjære medlemmer og evt. andre interesserte! INNKALLING TIL ÅRSMØTE FOR 2021 Søndag 20.mars i etterkant av forsamlingsmøtet som startar klokka 11:00 Styreleiar ønskjer vel møtt og opnar årsmøtet. Registrering av frammøtte. Val av møteleiar Val av referent ==> ÅRSMØTEPROTOKOLLEN, SIGNERT Val av ein til å skrive […]

Søndag 6.mars: DU er mannen!

Første søndag i fastetida hadde vi eit godt gjenhøyr med Steinar Dimmen. Saman med Jorun Rausand sin klare og vakre song, vart det eit forsamlingsmøte med allsidig gjenklang. Jorun delte vitnemål og inderlege songtekstar kledd i fine piano-harmoniar. I tillegg fekk vi høyre Mattias Orheim sin «Eg har […]

Forsamlingsmøte 20 feb 2022

Vi fekk besøk av Solfrid Ulstein Riise Solfrid tok utgangspunkt i tekstar frå Kristi Openberringsdag. I 2. Mos 34,27-35 høyrer vi om Moses på fjellet då han fekk steintavlene og vart møtt av Guds lys så ansiktet hans stråla. Han var 40 dagar og 40 netter på fjellet […]

Forsamlingsmøte søndag 12. des 2021

Lars Kjetil Emblem besøkte oss i dag med tale og song Emblem tok utgangspunkt i dagens tekst for kyrkjeåret: Joh. 5,31-36 – Vitne om Jesus. Kven er Jesus? Det var og er i dag også mange meiningar om det. Jesus står mellom oss også i dag. Vitne er […]

Jesus er Kongen min

JESUS er kongen min! Den gode gamle søndagsskulesongen opna forsamlingsmøtet første søndagen i advent. Møteleiar Gunnhild ønskte forsamlinga, og ikkje minst: Helge Dimmen, Bedehusvegen 22 (!) på Giske vel møtt: Søndagsskuleborna leia forsamlinga i songen: «No tenner vi det første lys» og deretter ein ny og fin song […]

Forsamlingsmøte med Oscar Nordbø søndg 14 nov 2021

Genesaretsjøen, båt, vindar og uroleg sjø. I dag fekk vi høyre om læresveinane sitt møte med Jesus då han kom gåande til dei i forrykande ver – på Genesaretsjøen. Nordbø fortalde litt om sitt eige kav med å redde i land sin eigen båt då uveret ein gong […]

BIBELTIME TYSDAGSKVELDANE

Her kan du laste ned skjermbilda til Ottar Myrseth si «Emmausvandring I» Og her finn du «EMMAUSVANDRING 2» Desse interessante bibeltimane er vel verdt å få med seg!

Forsamlingsmøte for heile familien

Søndag 17. oktober 2021 Med barne- og ungdomsarbeidar Marte Elvira Rolvsjord frå Misjonssambandet, Region Nordvest I dag var det eit fint familiemøte med omlag 50 store og små som møtte. Søndagsskulebarna fekk i dag delta på heile møtet og det trur vi alle sette pris på. Dei song […]