Festdag med utsending frå Sykkylven!

Søndag 19.juni var det duka for nok ei utsending frå Sykkylven. Salen var nesten fullsett av både sykkylvingar og tilreisande frå Stranda og Ålesund. Ein skikkeleg festdag! var orda Robert Mulelid brukte; Hovudstyremedlem i Misjonssambandet, opprinneleg frå Valderøya. Han leia forbønshandlinga for familien Ane og Anders Myklebust, som i juli dreg ut til Nairobi i Kenya, for heile fire år som utsendingar for Misjonssambandet. Saman med bibelskule-lærar Tor Fremmergård og regionleiar for Aust-Afrika, Lamessa Endalew, representerte dei hovudstyret under tilstellinga.

Møteleiar Anita hadde stø hand med programmet frå start til slutt, og fekk også fleire namn på lista over dei som på slutten ville kome med helsingar til familien Myklebust.

Tor Fremmergård heldt ein aktuell tale ut frå dagens «pinsetekst» frå profeten Esekiel. I den aller første pinsa, 50 dagar etter utferda frå Egypt, fekk Israel ved Moses Guds lovtavler på stein. I den endelege pinsa, 50 dagar etter påske, starta Gud med å inngje sin vilje i folk sine eigne hjarte! Og sidan pinsedagen har Anden halde fram med si mangfoldige gjerning: Han reinsar oss frå synda ved evangeliet og dåpen, og han skaper den levande trua og fellesskapen med Jesus. Så har vi ein einaste stor familie i Guds Rike, ein Herre, ei tru, ein dåp…

Og som seg hør og bør på ein skikkeleg festdag i bedehuset: Rikeleg med gode saker på bordet. GOD sommar til alle, og Guds velsigning over Myklebust som snart set seg på flyet til Nairobi!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Please Wait