Samling i Velledalen bedehus

Søndag 22.mai var ei sjeldan stor-hending for Velledalen bedehus: Forsamlingsmøte med dyktige kvinner på podiet: Tale av Gudrun Longva, song av Jorun Rausand, og forsamlingsbøna ved Gunnhild.

Trass i sjeldant stort mannefall (!) både søndagsskulen og fleire andre, på grunn av konfirmasjonar, besøk o.a., vart det ein svært triveleg og god formiddag: Møtevert Per-Gunnar talde opp heile 31 – stort sett vaksne denne gongen.

Det var god allsong, og Jorun Rausand song både fint og varmt med gode tekstar.  Gudrun sin tale var både personleg og bibelsk. Og ho var innom fleire av personane i Skrifta som fekk ei berøring av Jesus. Han løyste Peter frå kong Herodes sitt fangerom og gav livsmot og frelse til den samaritanske kvinna. Ho fekk levande vatn, der ved Sykars-brønnen.  Nytt livsmot fekk også trellkvinna Hagar, som Sara hadde fått jaga bort frå Abraham sin huslyd. Gud sende sin engel også til Hagar og Ismael.  Han vil også deg det aller beste: Gløym ikkje å be til han!

Møteleiar Oddbjørn minte ved innleiinga til nattverden at vi har både 4 og 5 b’ar: Brodersamfunnet, Bibelen, Bønene og Brødsbrytinga. -Og Bevertning! Kom det frå ein bak i salen!

Flott var det også med Roar Fremstad sitt vitnemål. Han har også på ein særleg måte fått livet att som gåve.

Ja, det vart ein velsigna søndag, dette også!

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Please Wait