Forsamlingsmøte med Sigurd Nybø

Før Sigurd byrja på sjølve teksta, fortalde han at sjølv om han var glad i Sunnmøre Indremisjon, så var han aller mest glad i Jesus.  Det var viktigast for han.

Han tok utgangspunkt i Lukas 7,38-50.  Der fekk vi utlagt frå talaren om Jesus som tilgjev synder, og om det å elske Jesus.

Han tok også for seg teksta i Johannes 12,1-8, då Jesus var i Betania, der Jesus hadde vekt Lasarus opp frå dei døde, og Maria salva Jesus med ei nardussalve som var verdt ei heil årsløn.  For å setje dette i perspektiv, nemnde han at om vi brukar berre ein prosent av tida vår på Jesus, så er det om lag 15 minutt kvar dag.

Det gjorde nok litt inntrykk på forsamlinga når talaren refererte litt fritt omsett frå C.S. Lewis si bok «Djevelen dypper pennen» korleis Satan på svært mange vis får oss til å bruke tid på alt anna enn det å søkje å vere nær Jesus.  Dette kom også fram i vitnemål etter talen.

Til slutt las Sigurd frå Lukas 10, der Maria hadde valt den gode delen, som var å setje seg ned hos Jesus og lytte til han.

Frå slutten av Bergpreika fekk vi så desse orda med oss:  «Søk først Guds rike og hans rettferd»

P-G-H

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Please Wait