Forsamlingsmøte 8. mai 2022

Jon Ove Holen var talaren vår

Holen talte ut frå 5. Mos. 30,11-15 – «Ordet er deg ganske nær» Det er gått 40 år, det er på ein måte Moses sin siste vilje, eit testamente, til sine. Det er ein ny generasjon som skal innta Kanaans land, det er eit nytt land, ei ny tid og Gud forsikrar dei om sitt nærvær og oppmodingar om å leve etter boda og ikkje vike til høgre eller venstre. Det vart vist til fine bibelord som understrekar dette: 5. Mos. 26,18 / 5. Mos. 28.14 / 5. Mos. 4,7 / Jes. 45,19.

Boda frå Gud er nær, vi treng ikkje mystiske svar eller openberringar; Gud er nær – Ordet er «i din munn og i ditt hjerte», så nært at du kan leve etter det. Vi kjenner til omskjeringa som jødane også den dag i dag brukar som eit paktsteikn, ei handling som viser lydnad overfor Gud og eit fysisk ytre teikn som viser pakta med Gud. Moses talar så om eit nytt hjarte, eit indre omskore hjarte. Holen samanlikna med møtet der Jesus sa til Nikodemus at han måtte bli fødd på nytt. Han fekk eit nytt hjarte og dermed kva som skal til for å følgje sanninga, Jesus. 

Den som følgjer sanninga, kjem til lyset, så det skal bli klart at gjerningane hans er gjorde i Gud (Joh. 3, 19-21), men det betyr ikkje at han er syndfri. Når vi ser tilbake på liva våre, tankar, utsegner og gjerningar, så vil vi sjå at mykje av dette var ikkje rett. Går vi ikkje på sanningsvegen, når vi ikkje målet. Vi har to mulegheiter, velsigning eller forbanning. Lova er ikkje ei byrde, som er tung å bere, men som noko som er nær oss, på innsida. Jesus er lova sitt endemål. Når vi har Ordet, Jesus, heilt nær oss – «i min munn og mitt hjerte» då er det ei glede å få leve slik Jesus vil.

(Vi går over Jordan til Kanaans land, ein metafor for frelsa ? (Arnhilds tanke))

@rnhild

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Please Wait