Samling i Velledalen bedehus

Søndag 22.mai var ei sjeldan stor-hending for Velledalen bedehus: Forsamlingsmøte med dyktige kvinner på podiet: Tale av Gudrun Longva, song av Jorun Rausand, og forsamlingsbøna ved Gunnhild. Trass i sjeldant stort mannefall (!) både søndagsskulen og fleire andre, på grunn av konfirmasjonar, besøk o.a., vart det ein svært […]

Forsamlingsmøte med besøk av Odd Asbjørn Nybø

Bibelteksten denne søndagen var Lukas 22, 28-34.  I denne avskils-talen, mellom nattverden og Jesu kamp i Getsemane, var Simon Peter igjen sentral.  Odd Asbjørn Nybø peika på kor frimodig Peter hadde lova å stå med Jesus. Men Jesus såg det på førehand, og åtvara han. Ja, endå meir: […]

INNKALLING TIL ÅRSMØTE

15.mars, 2022 Kjære medlemmer og evt. andre interesserte! INNKALLING TIL ÅRSMØTE FOR 2021 Søndag 20.mars i etterkant av forsamlingsmøtet som startar klokka 11:00 Styreleiar ønskjer vel møtt og opnar årsmøtet. Registrering av frammøtte. Val av møteleiar Val av referent ==> ÅRSMØTEPROTOKOLLEN, SIGNERT Val av ein til å skrive […]

Søndag 6.mars: DU er mannen!

Første søndag i fastetida hadde vi eit godt gjenhøyr med Steinar Dimmen. Saman med Jorun Rausand sin klare og vakre song, vart det eit forsamlingsmøte med allsidig gjenklang. Jorun delte vitnemål og inderlege songtekstar kledd i fine piano-harmoniar. I tillegg fekk vi høyre Mattias Orheim sin «Eg har […]

Jesus er Kongen min

JESUS er kongen min! Den gode gamle søndagsskulesongen opna forsamlingsmøtet første søndagen i advent. Møteleiar Gunnhild ønskte forsamlinga, og ikkje minst: Helge Dimmen, Bedehusvegen 22 (!) på Giske vel møtt: Søndagsskuleborna leia forsamlinga i songen: «No tenner vi det første lys» og deretter ein ny og fin song […]

BIBELTIME TYSDAGSKVELDANE

Her kan du laste ned skjermbilda til Ottar Myrseth si «Emmausvandring I» Og her finn du «EMMAUSVANDRING 2» Desse interessante bibeltimane er vel verdt å få med seg!

Sesongstart med Kåre Magne Remmen

Søndag 5.september var bedehusforsamlinga i gong att, og møteleiar Anita ønskte dei 40 frammøtte vel tilbake etter ferien: «De skal få kraft idet den Heilage Ande kjem over dykk». Godt å ta med seg når arbeidet ligg framføre: Til endane av jorda skal vi vere vitne om Jesus. […]

Sommaravslutning til inspirasjon!

Regionleiar i NLM, Jon Ove Holen, gav oss fornyande ord frå Jesu bergpreike. Inn i sommarferien passa det veldig godt å ta med denne utfordringa: Kven sitt hus er bygt på fjell, og blir ståande både i storm og flaum? Jau, det er den som høyrer Jesus sine […]

Forsamlingsmøte 6.juni

I overkant av 30 – pluss ein god søndagsskulegjeng – var på forsamlingsmøte 6.juni. Møteleiar Anita delte gode ord frå Salme 91 og dikt av Haldis Reigstad og ynskte Helge Dimmen særleg velkomen. Dimmen, styreleiar i ImF Sunnmøre, peika på kor godt og viktig det er å kjenne […]

Storarta sesongopning med Roaldsnes

Trass i smitteverntiltak og naturleg uvisse korleis vi kan ordne oss praktisk: Søndag 6.september fann heile 43 stk. i alle aldrar vegen til bedehuset.  No også, for første gong på mange år, med eigen søndagsskule! Og planen verkar klar: Søndagsskulen er komen for å bli – og for […]