Søndag 17. oktober 2021
Med barne- og ungdomsarbeidar Marte Elvira Rolvsjord frå Misjonssambandet, Region Nordvest
I dag var det eit fint familiemøte med omlag 50 store og små som møtte. Søndagsskulebarna fekk i dag delta på heile møtet og det trur vi alle sette pris på. Dei song fine gode songar saman med vaksenleiaren sin, Karina-Bjørk Bergene. Og vi fekk også song av ein foreldre-trio blant våre afrikanske vener. Dei song vakkert og nært om Jesus – på zwahili ! Så heldige vi er som har desse med oss på møta.
Marte Elvira fortalde om då Jesus metta fem tusen i øydemarka. Ho las Joh 6, 1-14 og illustrerte levande denne forteljinga for oss. Barn synest vel ofte at vi vaksne pratar, pratar, pratar…. og så blir folk svoltne etterkvart. Jesus forstod vel dette og han spurde om nokon hadde noko mat med seg. Den vesle guten, Marte kalla han Mats, hadde med seg fem små brød og to fiskar, og han gav villig og med tru frå seg matpakka til Jesus. Jesus velsigna maten og bad ei takkebøn – og vi veit alle kva som så skjedde: alle vart mette og endå løyvde dei 12 korger med brød. Guten trudde og ville dele. Han utgjorde ein forskjell for dei rundt seg. Dette kan vi alle ta lærdom av.
Reidun leia møte på ein stødig og varm måte og i dag kunne vi endeleg site tett i hop, drikke kaffi og te med gode kaker attåt utan å måtte tenkje avstand, spriting og alt det der styret du veit.
@rnhild