Forsamlingsmøte søndag 19. september 2021

Per Arne Sve besøkte oss denne gongen

TEMA: Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld

Han tok utgangspunkt i siste del av bergpreika, Matt. 5, v 10-12: Sæle dei som blir forfølgde for rettferd skuld, himmelriket er deira, løna i himmelen er stor sjølv om folk for Jesu skuld spottar, forfølgjer, lyg og talar vondt om oss. Vi kan gle oss å juble.

Det er alvorlege og sterke ord om kristne sine kår. Per Arne nemnde døme på fleire personar frå bibelen som var rettferdige. Noa var ein rettferdig mann, han vandra med Gud. Sakarias og Elisabet (Luk. 1,6) var begge rettferdige og ulastande. Lukas fortel også om gamle Simon – ein rettferdig og gudfryktig mann. 

Det kostar å vandre med Gud, det kostar å følgje boda, det kostar å stå fram som kristen – i Afghanistan, i Irak og mange andre land. Åpne dører seier til støttespelarane for forfølgde kristne at det dei ber om er: Be for oss. Det er berre Gud som kan hjelpe oss. Peter seier at vi skal glede oss over den eldprøva vi skal igjennom, å få del i Kristi lidingar skal få vere ei glede for oss.

I Noreg spissar det seg til – studentar ber om at opplysningar og artiklar som røpar at dei er kristne blir strokne i samband med jobbsøking t.d. 

Stig Magne Heitmann har skrive om å ikkje skjule trua si. Vi må slutte å lytte til usunn herlighetsteologi som fortel at vi alltid vil ha framgang på alle område. Ver ærleg med ungdomen og fortel dei at det kostar å vere kristen. Husk: stor er løna. «Det får koste hva det vil, men jeg vil hjem til himmelen».

@rnhild

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Please Wait