Olaug Bjørke, regionleiar for Åpne Dører Møre og Romsdal besøkte oss i dag. Ho gav oss gripande forteljingar og forkynning frå Åpne Dører sitt arbeid for kristne som blir forfølgde. Åpne dører kallar kristne til å identifisere seg med forfølgde søsken, til aktivt å støtte og be for dei. I Jak. 16b står det: «Et rettferdig menneskes bønn er virksom og utretter mye.» Lydia, ei kristen kvinne i Sørvest-Asia sa då ho var i Norge for 2-3 år sidan: « Bønnene kan vi føle, dei er som ein mur rundt oss beskyttar oss».
Olaug fortalde ei sterk historie om Amina og sønene hennar frå Nigeria. Bøna og den sterke trua deira bar dei gjennom lidingane då Boko Haram kom og ville drepe dei på grunn av trua deira. Faren vart drepen og to av sønene overlevde såvidt. Her er link til ein film om denne hendinga (En tro renset i ild): https://www.youtube.com/watch?v=DVltUX6bvuY
Mange av dei forfølgde kristne erfarer sterkt at Gud er med i alt, dei er gjestfrie (ein bibelsk dyd) og dei held ut.
Åpne dører skal ha ein 30-dagars bøneaksjon for for verdens muslimar 13. april – 12. mai. Olaug fortalde levande om muslimar som møter Jesus som lysande skikkelsar med naglemerkte hender og som seier «kom». Dei vitnar om at alt vart nytt då Jesus kom inn i hjartet deira. I Jer. 29 kan vi lese om at «når dere søker meg av et helt hjerte, lar jeg dere finne meg, sier Herren.»
Eit flott motto for Åpne Dører er dette:
«Alle kan be,
Mange kan gi,
Noen kan gå.»
@rnhild @lmås