Forsamlingsmøte søn 4. okt

Svein Folde var talaren vår i dag med tema «Guds fulle rustning» .

Han tok utgangspnkt i dei kjende versa frå Ef 6, 10-18. Dei romerske soldatane bar rustning, til vern mot angrep og motstand. Vi treng også styrke til å stå mot angrep. Vi er avhengige av Herren og kan bli sterke i han og få ei fornying av trua. Krafta blir fullenda i svakheit. Vi får vite at Herrens nåde er nok. Matt 28 oppfordrar læresveinane om å gå ut. Dei kjende seg kanskje veike og uerfarne. Har vi i dag tillit til at Herren vil hjelpe oss i forsamlinga vår, gi oss kraft og uthald? Elisja rekna med Herrens hjelp, og det kan også vi gjere, som styrke til å stå imot løgner og bedrag frå Djevelen. I 4. Mos 6,24-26 lyser Herren si velsigning over folket, til omsorg og styrke. Herrens ande gir oss kraft, ikkje motløyse (Tim.). Bøna er kampen når det gjeld å motarbeide dei vonde kreftene. Å be er å lukke Herren inn i sin nød (Hallesby i boka Fra bønnens verden). Vi skal få vere visse på at alt er betalt og bøna hjelper oss til å stå imot anklagaren som heile tida er ute etter oss. Og Herren vil sjå til hjartet vårt når vi har tillit til hans hjelp til kraft. @rnhild

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Please reload

Please Wait