Forsamlingsmøte 10. februar

Ein disippel i 2019 – Silje Berg Straume, områdeleiar NLM Silje Berg Straume tok utg pkt i Luk 5,1-11 om Peter som vart så forferda over den overveldande fiskefangsten. Jesus ba han om å ikkje vere redd, men vere menneskefiskar frå då av. Dei forlet alt og følgde […]

Forsamlingsmøte 27 jan 2019

Arild Ove Halås – klart og lærerikt Tema hos oss for vårhalvåret er: Å vere ein Jesus disippel i dag Halås tok utgangspunkt i historia om Nehemja. Han var munnskjenk hos persarkongen Artaxerxes under fangenskapet i Babylon 600 år f.Kr. Han hadde stort ansvar i ein av dei […]

Forsamlingsmøte Sykkylven bedehus 16 desember

I dag var vi så heldige å få Odd Asbjørn Nybø som talar. Han er leiar i Indremisjonsforbundet. Nybø stilte eit viktig spørsmål i starten: Er du lett antenneleg eller brannsikker? Altså: kan eg bli sett i brann av Jesus? Han tok utgangspunkt i dagens tekst frå Joh. […]

Forsamlingsmøte i Hundeidvik 2.desember

Jon Ove Holen hadde ein god og viktig tale til oss med utgangspunkt i dagens tekst, Matt 21, 10-17. Teksten handlar om då Jesus jaga ut dei som selde og kjøpte på tempelplassen (forgården til heidningane – dvs ikkje-jødar). Jesus velta borda til dei som veksla pengar og […]

Forsamlingsmøte 18.november

  Kjell Furnes var talaren denne søndagen. Han delte sentrale tema om endetida med oss. Kva er det teikna i tida forkynner? Johannes Openberring er ei framtidsbok. som startar og avsluttar med sterke formaningar om å ta vare på det profetiske ordet, for tida er nær. Med Guds […]

Forsamlingsmøte 4.november

Ungdomskoret KAIROS vart ikkje klar til å kome, men Oscar Nordbø kom!  -Denne formiddagen fekk vi ein svært interessant tale om «verda sitt salt».  Som konserveringsmiddel og smakstilsetjing har saltet alltid vore ei verdfull vare. Og nettopp slik er Jesu disiplar i denne verda. Om dei kan verke […]

Møte med Kjell Furnes 21.oktober

Kjell Furnes er velkjend for mangt og mykje. Som pensjonist prioriterer han særleg å få tene Gud som forkynnar. Denne søndagen i oktober fekk forsamlinga eit nytt vitnemål om at «Gud gjev vekst».  Han understreka varmt orda frå 1.Timoteusbrev kapittel 2 «han som vil at alle menneske skal […]

Såkorn og vekst, 7.oktober

Guds ord er såkorn med 100% spireevne! Søndag 7.oktober fekk forsamlinga eit godt gjenhøyr med Per Arne Sve. Emnet var «vekst» og teksten henta han frå Lukas 8, versa 4-15. Det er vi som er åkerjorda. Vi har ulike naturar, kanskje opne eller meir lukka.  Men vi kan […]

Arild Ove Halås: Gud gir vekst!

Nytilsett forkynnar og adm.medarbeidar i Sunnmøre Indremisjon, Arild Ove Halås, delte Guds ord søndag 23. september. På ein flott måte fekk han understreka forsamlinga sitt gjennomgangstema i tre punkt: Gud vil gi vekst i vårt liv med Jesus. Vi treng alle å vite meir om Jesus og kjenne […]

Misjonshelg med Odd Rannestad

Tidlegare Etiopia-misjonær og rektor på Vestborg VGS, Odd Rannestad, hadde interessante innlegg i bedehuset denne helga. På Etiopiafesten fredag delte han mange tankevekkande inntrykk frå periodane i Etiopia, under kommunist-tida. Dei kristne leid mykje under trakassering og forfølgjing, men hos mange vart trua berre sterkare og meir frimodig, […]