Sesongstart med Åpne Dører

Søndag 8.september var  40 stk benka i bedehuset for å dele fellesskap og vitnemål om trua. Ei sterk opning på haustsemesteret! Olaug Lillian Bjørke er regionleiar for Åpne Dører, organisasjonen med særleg fokus på dei forfølgde kristne. Som alltid var ho inspirerande og godt førebudd: Med andakt, informasjon […]

Forsamlingsmøte 23 juni med Per Sævik som talar

I dag fekk vi høyre om Nikodemus og møtet hans med Jesus og korleis det forvandla livsførselen hans. Sævik las teksten frå Joh 3,1-13. Vi møter Nikodemus 3 gongar i Johannesevangeliet, først då ha kom til Jesus om natta og tok imot frelsa, og han var frimodig to […]

Forsamlingsmøte 2 juni 2019

Vi hadde Ole Audun Os på besøk, som song og talte om eit kvardagsmøte med Jesus.  Han har notert litt frå talen: Det var tredje gongen Jesus viste seg for læresveinane, etter at han hadde stått opp.  Trøytte og tomhendte fiskarar får besøk av han på arbeidsplassen.  Tekst: […]

Forsamlingsmøte 19 mai 2019

Kjell Furnes talte godt til oss igjen i dag Temaet var Guds husfolk og familie, Ef. 2,17-22, der det mellom anna står om at vi er medborgarar saman med dei heilage og høyrer Guds familie til. Vi er oppbygde på grunnvollen til apostlane og profetane, og hjørnesteinen er […]

1. påskedag 2019 – Kjell Furnes

Kjell Furnes forkynte klart og overbevisande om betydninga av Jesu oppstandelse. Han tok utgangspunkt i 1. Kor 15 – der Paulus forkynner det han sjølv har mottatt: at Kristus døde for syndene våre, vart gravlagd og stod opp att tredje dagen – etter skriftene. Dette tydde også at […]

«Eg vil fylgje deg, Herre, men…»

Erik Furnes besøkte oss i dag – 7. april 2019. Furnes tok utgangspunkt i Luk 9,57-62 – ein radikal tekst om å følgje etter Jesus og vere Kristus-lojal. Kan lett tenkje at Jesus er ufølsom i denne teksten, men det blir stilt krav om full lojalitet når vi […]

Herre, gje meg dine auge!

Krinsleiar i ImF Sunnmøre, Johan Halsne, gav oss eit nærbilete av det å vere ein Jesu disippel i dag: Det er å begynne å sjå det Jesus ser! Halsne delte teksten om vekkinga i Samaria (Johannes 4,27-36) Læresveinane hadde gått inn til byen Sykar for å kjøpe mat. […]

Lat viljen din skje!

Helga 8.-10.mars var det Bibelhelg med fokus på bøn. I tre bibeltimar fredag og laurdag pluss forsamlingsmøte søndag fekk vi vandre gjennom bønene i Fadervår: Tenk at ei så kort bøn kan ha i seg slik ein fylde av visdom! Lars Kjetil Emblem gav oss mykje til nytte […]

Jarle Berland på forsamlingsmøtet 24 feb 2019 – ver ein Jesu læresvein

Jarle Berland besøkte oss i dag med klar og sentral forkynning om korleis vere ein Jesu læresvein (disippel)I botn for vitnemålet sitt la Berland tre bibelavsnitt som handlar om då Jesus kalla læresveinar til å følgje han: Joh 1,43, Matt 4,18 og Mark 2,13. Dette er ord om […]