Forsamlingsmøtet 29.mars

Vi hadde sett fram til denne siste søndagen i mars med besøk frå Israelsmisjonen: Halvard og Monica Roaldsnes. No får vi i staden sjå fram til eit nytt høve til hausten, og i denne omgang dele ei helsing vi fekk frå ekteparet Roaldsnes: Vi i Israelsmisjonen ønskjer å […]

Vi møtest på nye måtar

Så lenge vi ikkje kan kome i lag som før, brukar vi fantasien og finn nye måtar å dele på. Det er ei velsigning å lytte til nærradioen FM 101 Ålesund som vi også finn på www.radiosunnmore.no og www.radionordvest.no. Vi minner også om nettsidene til www.nlm.no og ImF […]

Møte framover blir avlyst

Vi sluttar klart opp om den nasjonale dugnaden og vi vil gjerne bidra til å redusere spreiinga av corona-viruset til det absolutte minimum. Ei tid framover vil vi difor ikkje arrangere møte, men i staden oppfordre den enkelte til å dele Guds ord, trua og vitnemålet i heimane. […]

Forsamlingsmøte 1.mars

Kjell Furnes er ein kjær gjest i bedehusforsamlinga. I talen på første søndagen i fastetida peika han på svært aktuelle saker ut frå Jesus sin nærkamp med Djevelen. Freistaren, Guds fiende, den Vonde, brukar same strategien mot oss som lever i dag: Har Gud verkeleg sagt? -Kan Gud […]

Veldig god start på 2020

Heile 60 hadde funne vegen til bedehuset til det første forsamlingsmøtet i det nye året. Under avslutninga takka møteleiar Gunnhld songevangelistane Marit og Irene varmt for tale, vitnemål og flott song.  Etter 40 års teneste rundt i heile landet blir dokke berre bedre og bedre! Sa ho. Med […]

Nye nettsider

Desse kom på lufta i løpet av desember 2019. Gi tilbakemelding til web-redaktør om du har ønskje eller kommentarar! oddbru@xi.no 91837138

Forsamlingsmøte søndag 20 oktober 2019

Thor Fremmegård var talar i dag Han tok utgangspunkt i dagens tekst frå Luk 9, 57-62. Det er ein krevjande og radikal tekst. Fremmegård nemnde episoden frå vers 51 og 52 der Jesus ikkje fekk husrom hos samaritanane fordi han vende ansiktet mot Jerusalem (det var ikkje lenge […]

Forsamlingsmøte 6. oktober 2019

Karl Arne Austnes var talaren vår i dag med temaet Korleis vere ein Jesu disippel. Disiplane hadde sitt oppdrag med utgangspunkt i misjonsbefalinga som Jesus gav dei. Dei skulle følgje Jesus tett på, stadig vere saman, tene han. Jesus var læraren, han var eksemplet dei skulle følgje. Dei […]

Forsamlingsmøte 22 september 2019

Lars Petter Ødegård besøkte oss i dag. Han er 29 år ung og forsamlingsleiar i Misjonssalen i Kristiansund. Han gav oss fine og viktige punkt med utgangspunkt i Joh 15,1-17, ein del av Jesu avskjedstale til disiplane sine. Vintreet er bilete på Jesus i NT, det sanne vintreet. […]