Forsamlingsmøte med Jarle Berland 4.mars

Minst 35 hadde funne vegen til bedehuset første søndagen i mars. Det vart eit godt og viktig møte, leia av Anita Woldsund, der Jarle Berland delte teksten om Jesus som helbreda ein ung mann som var ille plaga. (Markus 9, 14-29). Læresveinane hadde nettopp opplevt ei himmelsk stund der Jesus synte fram noko av sin guddomelege herlegdom oppe på fjellet. Men i møte med Djevelen sine angrep på familiar og enkeltmenneske måtte dei gje opp. Då Jesus hadde løyst ungdomen frå besettelsen, forklarte han læresveinane at «Dette slaget kan berre drivast ut med bøn og faste». Vi erfarer i dag også at den vonde kan gjere målretta angrep på familiar og forsamlingar: For å øydelegge Guds gode planar imellom oss. Men når mange ber til Faderen i Jesu namn, må sjølv Djevelen rygge tilbake.

Det var ei viktig påminning, og samtidig trøystefullt og inspirerande.  Runa Welle delte 3 fine songar, og Arnhild og Anne Jorunn var forsongarar.

 

 

 

 

 

 

 

Til slutt i møtet hadde styreleiar Oddbjørn Brunstad eit innlegg for å forklare kvifor styret fann å måtte utsette årsmøtet. Innlegget kan du sjå og laste ned HER Forsamlinga fekk også utdelt eit ark på to sider som hjelp for den enkelte til å reflektere over kva Sykkylven Bedehusforsamling bør vere. Det er håpet at heile forsamlinga i løpet av våren kan samle seg i ein fornya visjon som vil skape god vekst i åra framover.

(Tillegg:) Eit stykke frå avisa DAGEN, 7.august 2017, som ganske kort seier det meste om forsamlingsdanning på bedehuset