Bibelteksten denne søndagen var Lukas 22, 28-34. I denne avskils-talen, mellom nattverden og Jesu kamp i Getsemane, var Simon Peter igjen sentral. Odd Asbjørn Nybø peika på kor frimodig Peter hadde lova å stå med Jesus. Men Jesus såg det på førehand, og åtvara han. Ja, endå meir: «Men eg bad for deg, at trua di ikkje måtte svikte». Og Jesus slo ikkje handa av Peter, sjølv om det nettopp gjekk så gale som det kunne gå. Jesus gav Peter ein herleg ny start: Nåde og fornya tillit. Etter påskemorgon fekk han – akkurat slik som i allsongen etter talen: «Få komme på ny!»
Det var ikkje så mykje betre med nokon av dei andre disiplane. Dei sovna i Getsemane. Desse skrøpelege menneska var det Jesus «overgav Guds rike til, liksom Faderen hadde gitt det til Sonen». Dei hadde vandra med han i tre år, og så gav han dei misjonsbefalinga: Gjer alle folkeslag til mine disiplar. Og sjå – eg er med dykk alle dagar… Dei fekk gjort jobben, også. Evangeliet nådde landet vårt for 1000 år sidan. Og snart har det nådd alle land, tungemål og stammer…..
42 var antalet denne søndagen, der søndagsskulen stod for om lag ¼. Og etter kaffi, saft, bollar og kake, var det ein halv time med ÅRSMØTE. Referatet derfrå kan du finne under punkt 2 i innlegget nedanfor «Innkalling til Årsmøte» Takk for ein fin søndag 😊