Så lenge vi ikkje kan kome i lag som før, brukar vi fantasien og finn nye måtar å dele på. Det er ei velsigning å lytte til nærradioen FM 101 Ålesund som vi også finn på www.radiosunnmore.no og www.radionordvest.no. Vi minner også om nettsidene til www.nlm.no og ImF Sunnmøre, misjonsbladet Sambåndet og avisa Dagen
Mange nye initiativ poppar opp: Streaming av møte og gudstenester på nettet og omfattande kampanjer om å be for land og folk som spreier seg på SMS og sosiale media. Akkurat no deler vi ein bodskap frå frå leiaren i Norsk bønneråd, Jon Steinar Kjøllesdal. Gode og vise ord til inspirasjon og bøn!