Vi sluttar klart opp om den nasjonale dugnaden og vi vil gjerne bidra til å redusere spreiinga av corona-viruset til det absolutte minimum. Ei tid framover vil vi difor ikkje arrangere møte, men i staden oppfordre den enkelte til å dele Guds ord, trua og vitnemålet i heimane. Ikkje minst kan vi desse vekene i fastetida bruke til tid til å be for kvarandre, for folket vårt, og for folkeslaga på vår felles jord. Det er tid for djupare ettertanke. Kanskje kan vi lære noko og hauste dyrebar visdom?
Sjå også: http://sim-imf.no/avlyste-arrangement-pga-korona-viruset/