Kjell Furnes er ein kjær gjest i bedehusforsamlinga. I talen på første søndagen i fastetida peika han på svært aktuelle saker ut frå Jesus sin nærkamp med Djevelen. Freistaren, Guds fiende, den Vonde, brukar same strategien mot oss som lever i dag: Har Gud verkeleg sagt? -Kan Gud verkeleg ha meint? Jesus dreiv den Vonde tilbake med å lese Guds ord for han. For oss er Herrens ord minst like dyrebart: Vårt einaste våpen som duger. Vi treng også å kle på oss Guds fulle rustning.
Furnes peika på ei rekkje eksempel frå det gamle Testamente, korleis ulike personar møtte prøvingar: Eva og Adam i Edens hage, Lot då han valde Sodoma sitt sletteland, David som fall med Batseba, salmisten Asaf som såg at det gjekk dei ugudlege vel. Slik som på Nehemja si tid, vil fienden gjerne angripe der muren er lågast: På våre svakaste punkt.
Men kvifor måtte Jesus bli freista? Fordi han måtte begynne på null då han skulle leve det fullkomne menneskelivet. Han kom nettopp frå dåpen i Jordan der han hadde teke menneskeslekta si synd på seg. På same måte som påskelammet måtte Jesus vere erklært feilfri. Lammet skulle veljast ut den 10.nisan, men ikkje slaktast før den 14. Sjølv Pilatus uttalte frå sitt dommarsete: Eg finn inga skuld, og soldaten ved krossen utbraut: Sanneleg, dette var Guds Son!
Jesus sin veg enda i den himmelske heilagdomen der han vann ei evig utløysing for oss!
Runa gledde dei vel 30 frammøtte med to fine songar. Vi ber for Anne-Lise som måtte reise til sjukehuset. Etter nattverdstunda var det fleire som delte fine vitnemål.