Karl Arne Austnes var talaren vår i dag med temaet Korleis vere ein Jesu disippel.
Disiplane hadde sitt oppdrag med utgangspunkt i misjonsbefalinga som Jesus gav dei. Dei skulle følgje Jesus tett på, stadig vere saman, tene han. Jesus var læraren, han var eksemplet dei skulle følgje. Dei hadde eit personleg forhold til Jesus og var lydige. Han budde i dei ved Den heilage ande. Slik er det også i dag for oss. Har vi den Den heilage ande, er vi Jesu disippel. Han viste til Fil 2,5-8. Vi må ha det same sinnelaget som Jesus hadde. 1. Pet 21-24 fortel også om Jesus som førebilete som vi skal følgje. Dette skal vi få bruke overfor dei vi møter. Alle guddommens krefter ligg i Jesus, og dette skal vi få ta del i og bruke.
Korleis er det å leve som kristen i dag; kristendom er blitt ein minoritetskultur dei siste 30-40 åra. Kristne blir lett karikerte. Kjempande kristne skal få nåde til å sjå «den rette tid». Jfr 2. Kor 1-2. Vi skal ikkje la Guds nåde vere til fånyttes (Paulus). Det er ikkje ein hobby å vere kristen, å følgje Jesus er livet. Vi står fram som Guds tenarar og det er viktig korleis vi er i møte med menneske. Vi må ikkje støyte dei bort, vi må ha visdom (Kol. 4,5). Vi kan lett bli fordømmande og «tydeleg», la ikkje denne tydelegheita støyte bort folk. Han viste til kvinna som kom inn, gret, kyste og salva Jesu føter og tørka dei med håret sitt. Det er ei sterk historie. Ho vart ikkje støytt bort. Ho visste om Jesus og hans kjærleik, gav av sin kjærleik tilbake til han og vart tatt imot.
Stine Regina Tusvik gledde oss med vakker song. (A. Almås)
