Sesongstart med Åpne Dører

Søndag 8.september var  40 stk benka i bedehuset for å dele fellesskap og vitnemål om trua. Ei sterk opning på haustsemesteret! Olaug Lillian Bjørke er regionleiar for Åpne Dører, organisasjonen med særleg fokus på dei forfølgde kristne. Som alltid var ho inspirerande og godt førebudd: Med andakt, informasjon frå Asia og ikkje minst songar ved pianoet, fekk ho gitt mykje. Det er tankevekkande og gripande å høyre korleis den hardt prøvde tru kan overleve i land der all praktisering blir slått hardt ned på. -Kor mykje meir skulle ikkje vi vere frimodige?