I dag fekk vi høyre om Nikodemus og møtet hans med Jesus og korleis det forvandla livsførselen hans.
Sævik las teksten frå Joh 3,1-13. Vi møter Nikodemus 3 gongar i Johannesevangeliet, først då ha kom til Jesus om natta og tok imot frelsa, og han var frimodig to gongar seinare i samband med at Jesus skulle takast til fange og då Jesus skulle gravleggast.
Kvifor var Jesus så ofte i diskusjon med farisearane? Dei var opptatt av rammer, var på torget, dei ville vise seg fram og gjere ting rett. Jesus var opptatt av det indre hjarteforholdet og at vi må bli fødde på ny med vatn og ande.
I våre samanhengar er vi også avhengig av ein ny fødsel – vi også i dag ein levande Frelsar. Kva med verdinormer i vår tid som er i full oppløysing. Har vi som kristne frimod og Ordet som kompass eller møter vi dette med motløyse?
Vår generasjon er prega av fråfall, noko som fører til forfall. Mange i vår tid har ikkje kunnskap om Jesus Kristus og kristendommen er i tilbakegang. «Vi held på å tolerere oss sjølv i hel i dag», sa Sævik. Ein ny fødsel må til. Som bedehusfolk må vi vere med å skape lengsel etter å få vite meir. IMF møter barn / unge gjennom skular f.eks. og kan slik vere med å gi dei eit fundament.
For disiplane fekk det å følgje Jesus ein varig konsekvens; det var ikkje noka enkel reise, men dei vandra i kraft og folk vart omvende i store hopar. Jesus er den same i dag. Eit møte med han forandrar alt. Oppdraget er uendra. Sævik siterte eit vers fint vers frå ein song som går på oppdraget vårt:
Gå omkring i Jesu navn Hjelpe, trøste, stille savn,
Vise medynk, tørre tårer, lege det som hjertet sårer,
Virke sådan i det stille Det var Det jeg gjerne ville.
Arnhild Almås (resymé)