Vi hadde Ole Audun Os på besøk, som song og talte om eit kvardagsmøte med Jesus. Han har notert litt frå talen:

Det var tredje gongen Jesus viste seg for læresveinane, etter at han hadde stått opp. Trøytte og tomhendte fiskarar får besøk av han på arbeidsplassen. Tekst: Joh 21, 1-14
Johannes nemner Peter og Tomas først. Ein uvant kombinasjon. Kanskje fordi dei hadde kvar sitt nederlag? Ser vi både Jesus og Peter si omsorg for Tomas? Jesus den gongen han viste seg spesielt for han. Kvifor ville forresten Jesus satse på Tomas? Han verkar så delt, så tvilande, så pessimistisk dei gongane vi møter han i Bibelen. Ville vår forsamling satsa mykje på ein slik? Ville vi heller vore skeptiske til påvirkninga han kunne ha? Tomas ga livet som misjonær i India. Den dag i dag fins det ein kristen minoritet i India som kallar seg «Tomaskristne».
Nokre har meint at dei sju læresveinane hadde gitt opp Jesus og vendt tilbake til sitt gamle yrke i Galilea. Bibelen seier noko anna. «Gå og sei til brørne mine at dei skal fara til Galilea. Der skal dei få sjå meg» «..dei elleve læresveinane drog til Galilea, til det fjellet der Jesus hadde sagt han ville møte dei» Matt 28,10 og 16. Men før dei møtte Jesus på fjellet, drog dei ut ei natt for å fiske. Og fekk ingenting, trass i all fisken i Genesaretsjøen. Nokre ting i livet går dårleg for ein kristen, nettopp FORDI Gud leier oss. Så du skal erfare å kjenne han.
Jesus kjem til dei på stranda. Møter trøytte arbeidsfolk. Ropar på dei. Spør etter dei. Forteljinga er ei sterk forkynning til oss om at Jesus bryr seg om kvardagslivet vårt. Dei kjende han ikkje med det same. Kan det tenkjast at du heller ikkje gjer det? At han møter opp på arbeidsplassen din, på skulen, på kjøkkenet, i kampen din – men du forstod ikkje at det var han?
Peter kjem først i land, og møter Jesus åleine. Ved eit bål. Ja, nettopp ved eit bål. Ein «kullild». Når skjedde det sist? Men i staden for dom blir det omsorg og fellesskap og tilgjeving. Høyr for deg Jesus når han ropar på dei: «Kom å få mat!» Har du tenkt deg Jesus slik? Han vil sitte ilag med Tomas og Peter og dei andre. Og du skal også få sitte der. Senke skuldrane og vite at Jesus vil vere ilag med deg.
Slik er den oppstadne Jesus. På «Melkisedeks vis» seier Bibelen. Som Melkisedek kom med mat og velsigning til Abram ein gong, slik kjem Jesus til sine vener i syndsforlatelsens rike.