Kjell Furnes talte godt til oss igjen i dag
Temaet var Guds husfolk og familie, Ef. 2,17-22, der det mellom anna står om at vi er medborgarar saman med dei heilage og høyrer Guds familie til. Vi er oppbygde på grunnvollen til apostlane og profetane, og hjørnesteinen er Kristus Jesus sjølv. Furnes viste til og samanlikna med eit anna byggverk: Salomos tempel. I 5. og 6. Kongebok er det skildra korleis tempelet vart bygd med ferdig hogde steinar, store og kostbare. «Ein høyrde verken hammar eller meisel eller noko anna verktøy av jern i huset då det vart bygd» (1. Kong. 6,7). Vi las om ein grunnmur i vår tekst frå Efesarane: grunnvollen til apostlane og Kristus Jesus som hjørnesteinen. Alt som ikkje er fundert på hjørnesteinen Kristus vil rase saman. Hjørnesteinen for ein kristen sitt liv vil ikkje halde om ikkje ein byggjer på denne. Der er indre harmoni og heilskap mellom GT og NT (mange som kallar seg kristne anerkjenner ikkje denne samanhengen). Ordet er inspirert av Gud frå perm til perm. Apostel og profet går saman. Jesus drog aldri GT i tvil. Gjennom tidene har Gud tatt syndarar ut av steinbrotet og bygd dei inn i Guds kyrkjelyd. Gud frelser menneske av blank nåde i form av tilhogde steinar, heilt ufortent. Stort å få vitne for menneske. Der er ei opa dør til Kristus, og det er godt å få vere med dei heilage og høyre Guds familie til. (Arnhild Almås) |

