Erik Furnes besøkte oss i dag – 7. april 2019.

Furnes tok utgangspunkt i Luk 9,57-62 – ein radikal tekst om å følgje etter Jesus og vere Kristus-lojal. Kan lett tenkje at Jesus er ufølsom i denne teksten, men det blir stilt krav om full lojalitet når vi skal følgje etter Jesus. Vi lever i spenninga mellom å kvile i Gud og evangeliet og å følgje heilhjarta etter Jesus og vere ein disippel som går med evangeliet.
Vi må tenkje gjennom kva vi i vårt liv absolutt ikkje vil miste – Furnes bad oss tenkje over dette. Eg håpar det ikkje er bilen eller hytta, sa han. Menneske som står oss nær er viktig for dei fleste av oss, slik også teksten viser.
Nei, Jesus er ikkje ufølsom til kva vi kjenner på. Heile Bibelen er fylt av ord og formaningar om korleis vi skal forholde oss til kvarandra og ta oss av kvarandre. Poenger er at mellom alt som er viktig, så er det noko som er heilt nødvendig og viktigast. Vi trur på ein Gud som er frå evigheit til evigheit, ein Gud som er uforanderleg, ein Gud som er. 1. Tim 6,16 seier: …»den einaste som er udødeleg, som bur i eit lys dit ingen kan koma, an som ikkje noko menneske har sett, og ingen kan sjå». Sjå også Rom 1,20 om Guds evige kraft og guddom.
Samanlikna med Guds storheit blir vi veldig små. Salme 8, 4-7 gir oss nydelege ord om Guds storheit, men også om det oppdraget og fullmakta vi som «små» menneske har fått til å forvalte skaparverk («Når eg ser din himmel….»). Vi står framfor påska. Jesus gav seg sjølv til oss, han ønskjer at vi skal kome med vår synd til han, Menneskesonen. Han vart fattig for at vi skulle bli rike (2. Kor 8,9).
Det kostar å følgje Jesus, vi må omvende oss, ta eit val ved å velje bort noko anna – søk først Guds rike. Teksten i Lukas viser egt det. Det er forvandlande (Arnhild Almås) ?