Kjell Furnes er velkjend for mangt og mykje. Som pensjonist prioriterer han særleg å få tene Gud som forkynnar.
Denne søndagen i oktober fekk forsamlinga eit nytt vitnemål om at «Gud gjev vekst». Han understreka varmt orda frå 1.Timoteusbrev kapittel 2 «han som vil at alle menneske skal bli frelste og læra sanninga å kjenna.» Nettopp difor må vi vere med i bøn om at det må skje! Vidare frå Jesu likning i Lukas 14: «nøyd dei til å kome inn, så huset mitt kan bli fullt»
Han nemnde at kvar dag i verda kjem minst 60.000 til tru på Jesus og synte til at det største lutherske kyrkjesamfunnet i verda, er faktisk Mekane Yesu-kyrkja i Etiopia. Kva løyndom og program kan dei ha, som no har meir enn 7 millionar aktive medlemer? -Jau, noko så enkelt som dette at kvar av dei i løpet av eit år snakkar med ein til to som er framande for trua. -Kunne det vere eit mål for oss, og alle kristne i Norge også?
Lengre ute i møtet presenterte Oddbjørn Brunstad arbeidet med visjon, ut frå illustrasjonar som Arnhild Almås hadde laga på PowerPoint.