Misjonshelg med Odd Rannestad

Tidlegare Etiopia-misjonær og rektor på Vestborg VGS, Odd Rannestad, hadde interessante innlegg i bedehuset denne helga. På Etiopiafesten fredag delte han mange tankevekkande inntrykk frå periodane i Etiopia, under kommunist-tida. Dei kristne leid mykje under trakassering og forfølgjing, men hos mange vart trua berre sterkare og meir frimodig, og Guds rike hadde framgang.

På forsamlingsmøtet søndag klokka 11, delte Rannestad dagens tekst frå 1.Peters brev 4,12-16 om motstand og eldprøver som dei truande må vere budde på. Som ei spennande innleiing delte han ein del om Jesu mor, Maria. «Mary, did you know…»  Allereie som ung kvinne (15 år?) hadde ho nok ganske klart for seg at livet hennar ville kome til å bli svært utfordrande. Men takk og lovsong til Gud steig likevel opp frå hennar indre. Ingen kvinner er meir beundra og ingen er laga fleire statuer og bilete av, enn denne: Maria, Jesu mor!

Det mest tankevekkande i talen var gjerne dette: Til alle tider har Guds rike hatt størst framgang under forfølgjing. På spørsmålet til unge etioparar: Har dokke blitt banka opp eller torturerte? «Vi skulle gjerne ønska at vi hadde blitt banka opp, så kunne vi fått vist kva trua betyr for oss.»  Då er kanskje utfordringa større for dei kristne i Norge og Vesten: Presset frå samfunnet rundt oss i dag dreiar seg ikkje om fysiske slag og spark: Men forførelse til å fornekte trua på Bibelens Jesus og tilliten til hans ord.