Kjell Furnes og gruppa KRAFT

Søndag 29.april var det besøk av Kjell Furnes med frue, og ikkje minst mannsgruppa KRAFT. Det allsidige mannskoret frå Misjonssalen der halvdelen er legar, hadde mange strengar å spele på. Utanom Sven Sæther på piano, bidrog Pascal Brügger-Synnes på fiolin. Dei hausta både klapp og applaus både for tradisjonell norsk og engelsk mannskor-song og gospel som «Go tell it on the mountain»

I talen sin hadde Kjell Furnes fokus på «Guds faste grunnvoll» der han tok utgangspunkt i Jesus sitt spørsmål: «Men kven seier DE at eg er»?  Vi forstår at Peter sitt svar var noko langt større enn Simon Peter sjølv: «Du er Messias, den levande Guds Son». Personen Peter var ikkje noko å byggje på.  Det ser vi av kor fatalt han svikta Jesus natta til langfredag. Guds kyrkje er ikkje bygt på Peter, men på vedkjenninga som Gud sjølv hadde verka i han:  Trua på Jesus er ei gåve som alle kan ta imot!