Julefest 29.desember

I god tradisjon var det julefest 5.juledag. Truleg strekkjer denne tradisjonen seg heilt til 1892, då det første bedehuset på Aure stod ferdig.

Festkledd forsamling, julepynta bedehus, Credo, god julepreike og gang rundt juletreet.  Alt dette, saman med kaker og kaffi, høyrer med. Forresten har truleg også Credo, tidlegare Sykkylven Misjonskorps, delteke under dei siste 80 julefestane. Og tru det eller ikkje: Reidar Skotte spelte for 80 år sidan, og gjer det framleis! Salen responderte med spontan applaus då møteleiar Johan Aurdal tok fram dette. Dei fleste her var ikkje fødde eingong, då Reidar begynte i korpset!

 

Festtalar var tidlegare sokneprest i Spjelkavik, no pensjonert folkehøgskulelærar Ottar Myrseth. I talen la han særleg trykk på to hovedsaker: Vi burde bruke ordet Krist-Messe og ikkje det norrøne og heidenske «Jul» om feiringa av Jesu fødsel. Så er det på høg tid å reise opp att julebodskapen som ei feiring av barnet. Barnet har i Guds hjarte uendeleg verdi. Det skin gjennom i jule-forteljinga, og har også blitt vektlagt i feiring og skikkar frå oldtida av.  Dessverre er altfor mange born i dag offer for dei vaksne sine egoistiske lyster, nærmast ei handelsvare, og dei ufødde er nesten utan vern av noko slag. Men Gud ser det annleis, og vi vaksne har eit stort ansvar.  Ja, her fekk vi noko å tenkje på.

Under juletregongen fekk vi også høyre vitnemål som minte oss om at vi ikkje må miste Jesusbarnet mellom all innpakninga!

Takk for ein god julefest, og godt nyttår til alle!