Det skjer under ein heilt vanleg dag!
Det var temaet i Margaret Engås sin tale 3.søndag i advent. Frå Betlehems-gjetarane til ein tenåring i nabolaget som ønskjer seg ein Bibel, til ei kvinne i eit muslimsk land som møter Jesus Kristus. Det er Gud som set i verk utrulege ting!
Saman med Katrine Numme delte Margaret Engås også to vakre julesongar: Ei velsigna stund! Etter nattverdfellesskapet var det også ei herleg «kø» etter å dele enkle kvardagsvitnemål og bøneemne. Slik vil vi gjerne ha det: Som Gunnhild sa: Eitt vilkår for at Guds Rike skal vekse mellom oss, er at vi nettopp deler vitnemål frå kvardagen: Det skjer nemleg små under kvar einaste dag!