Stor oppslutning med Sunnmørsgutane

Søndag 24.september kan noterast mellom dei best besøkte forsamlingsmøta sidan oppstarten i 2010.  Medrekna dei ca 20 staute karane i Sunnmørsgutane talde møtevert Per Gunnar Holmberg opp heile 80 sjeler.  Det er kjekt å møtast, og det er godt å vere mange.  Men likeså bra var det som vart servert.  Sunnmørsgutane sin song fylte det store rommet i bedehuset, og det kunne merkast at vitnemålet gjekk frå hjarte til hjarte. 

Reidun Eidem leia forsamlingsmøtet og introduserte NLM sin nye regionleiar i Nordvest: Jon Ove Holen.  Før han tok til ved siste nyttår, hadde han vore norsk- og engelsklærar i den vidaregåande skulen.  Holen tok vel imot utfordringa om å tale over bedehusforsamlinga sitt nye tema: «MEN GUD GIR VEKST».    Kva meiner vi med vekst? tok han til.   Det må vel vere at forsamlinga må utvikle seg til å bli livskraftig, og at vi må bli fleire.  Han las mellom anna Jesu likning om såmannen.  Mest sannsynleg bør likninga forståast slik at det er Jesus som er såmannen, og vi menneska er jorda som såkornet, Guds ord, blir sådd i. Då er vår oppgåve først og fremst at Guds ord får spire i oss, slå rot og at livet får utfalde seg.

Holen nemnde også den moderne misjon sin første pioner: William Carey.  Han møtte skepsis heime i baptistmenigheita i England. «Viss Gud ønskjer å frelse heidningar, vil han nok lett klare det utan di hjelp».  Dei første 7 åra i Inda var også tunge for han.  Men då han døydde, 73 år gammal, var Bibelen oversett til oer 40 språk, fleire skular var i drift og mange hadde blitt kristne.  Det var nettopp William Carey som har uttala dei kjende orda: VENT STORE TING AV GUD, VÅG STORE TING FOR GUD!

Det er Gud åleine som skaper vekst.  Men han har likefullt gjort seg avhengig av oss.  Difor må vi ikkje berre passivt tru på Guds ord, men også VÅGE å ta nye steg for å nå folk med evangeliet!

Etter to nye songar av Sunnmørsgutane og ei god nattverdstund, vart forsamlingsmøtet avslutta med kaffi og godsaker frå kakebordet.