Rikhaldig forsamlingsmøte 30.oktober

Det mangla ikkje på gode krefter under forsamlingsmøtet siste søndagen i oktober.

Per Arne Sve hadde teke vegen frå Stranda og formidla eit allsidig bilete av gjennomgangstemaet: Skattar i himmelen.psve2

Jorun Rausand er på god veg tilbake etter «morspermisjon» med vakre og varme strofer til eigne tonar og pianospel. Det vart rett og slett ei vakker stund.jorunrausand

Attpå tale og fin song, delte også unge Japanmisjonær Inger Valbø bilete og levande skildring av misjonsarbeidet i dette moderne og likevel så religiøse landet lengst i aust.ingervalbo