Helga midt i oktober var NLM si møtehelg denne hausten. Steffen Stensland, vel 30 år, frå Fogn i Rogaland, busett på Dimna i Ulstein, hadde fredag to lærerike bibeltimar frå Salmane si bok. Først Salme 52 med edomitten Doeg og kongane Saul og David i fokus. Deretter salme 2, om å vere forstandig og lyde Herrens røyst.
Då Steffen Steinsland vart nøydd til å reise heim til slekta i Rogaland, gjekk Oddbjørn Brunstad inn og hadde talen på forsamlingsmøtet søndag kveld. Han henta fram temaet for hausten og teksten frå Matteus 6 om å samle skattar i himmelen.