Denne søndagen som både var morsdag og Valentins dag, innleier også fastetida: Vegen fram mot påske. I talen sin delte Per Arne Sve bodskapen frå søndagens tekst: Jesus i Getsemane. I den kampen han no gjekk inn i, trong han all den støtte han kunne få. Men hans næraste vener forstod ikkje kva det gjaldt, og dei sovna alle. Så måtte Jesus kjempe heilt åleine. Han måtte drikke lidinga sitt beger. Men løna vart at vi fekk løfte frelsa sitt beger. Takk og all pris til han som gav alt for oss, for kjærleiken som er sterkare enn døden!