Denne fine maikvelden vart innleia med Elias Blix sin vakre vårsong: No livnar det i lundar. Det gjekk rett inn i Arvid Ødegård sin tale om liv og levande tru. Eit velsigna liv er det å vere som eit tre der røtene strekkjer seg mot vatn – mot ein bekk. Tenk å få vere frisk i si ånd, stå med lauvet grønt og bere frukt heilt opp i høg alder! Ødegård oppmuntra den einskilde til å velje bort dei mange sprukne brønnane som ikkje held mål, og leve nært Herren: Kjelda med levande vatn. Evig liv og kraft til eit frimodig kvardagsliv: Guds bekk er full av vatn!