Bibelhelg til stor inspirasjon

Bibelhelga 14.-16. november vart til kveik og fornying for bedehusforsamlinga.

Radiopastor Johnn Hardang leverte fire glitrande bibelvandringar gjennom temaet: Guds Menighet er jordens største under. Tittelen er lånt frå Ronald Fangens kjende salmetekst, som vart den raude tråden gjennom helga. Med eit gjennomsnittleg frammøte på om lag 50, nådde forkynninga ganske langt.

Fredag fekk mange i forsamlinga ei a-ha-oppleving ved å sjå at Gud handlar med heile tre folk her på jorda. Jødefolket, som Gud valde seg ut og handla med heilt frå Abraham av. Jorda sine «folk flest» eller heidningane, og endeleg Guds Menighet; dei som har kome til tru på Jesus.

Hardang, Enok

Den største utfordringa kom på laurdagen, under temaet «Motstrømsfolket». Hardang tok utgangspunkt i den store omdømme-undersøkinga angåande folk sine oppfatningar av bedehusfolket i det norske «bibelbeltet». Rapporten som kom ut i fjor, avslørte mange slåande og uventa trekk. Bedehusfolk vil glede seg over at det ordet som dei fleste forbind med bedehuset er «Jesus». Og likeeins at bedehusfolk blir oppfatta som pålitelege og byggande menneske. Lang meir skuffande er det å konstatere at dei fleste folk på Sør- og Vestlandet aldri har opplevt å få ein personleg invitasjon til å vere med i fellesskapet.  For svært mange utanfor bedehuset er oppfatninga at misjonsbefalinga er avlyst. Samtidig svarer 1 av 3 at dersom dei hadde fått ein personleg invitasjon, ville dei seriøst vurdert å takke ja.  Er det dei andre eller oss som går på bedehuset det er noko gale med? spurde Hardang. Det er tid for å ta til oss meir frimod, men sanneleg også å få korrigert brillene våre; korleis vi ser oss sjølve og folk rundt oss!

Johnn Hardang spelar på mange strenger. I tillegg til å vere ein utsøkt forteljar med pedagogisk talent, vinnande vesen og innsikt i Guds ord, er han også ein fin tolkar av den kristne songskatten.

Johnn Hardang spelar på mange strenger. I tillegg til å vere ein utsøkt forteljar med pedagogisk talent, vinnande vesen og innsikt i Guds ord, er han også ein fin tolkar av den kristne songskatten.

 

Hardang søndag

Søndag ettermiddag var fokuset retta framover: Guds Menighet – framtidsfolket.  Skal du og den kristne menighet til himmelen, eller er det himmelen som kjem til oss? Er dette gåtefullt og uklart?  For dei nesten femti deltakarane søndag, vart gardinene trekt til sides.  No ser eg det klart att, det som eg har trudd, men begynt å tvile på. Nei, dette var jammen godt å høyre, uttalte ein deltakar etter møtet.

Kaffi og god mat høyrer med på bedehuset.  Og den gode praten kan vel aldri bli for god, heller !

Kaffi og god mat høyrer med på bedehuset. Og den gode praten kan vel aldri bli for god, heller !